I know what its like to want to die. How it hurts to smile. How you try to fit in, but you can't. How you hurt yourself on the outside, to try to kill the thing on the inside.

Ekstremsport

Ekstremsport
Oppgåve 4 – Heildagsprøve i sidemål 10. mai 2012
Tine Løhre

 

Ekstremsport, kva er eigentleg det? For ein sofaslitar som meg så er bare det å ta trikken til byen ein form for ekstremsport. For kvar gang trikken køyrer over Ilakrysset, så sitt eg med hjartet i halsen og håpar trikken ikkje blir påkøyra av ein eller annan tulling i bil. Eg har lært på køyreskulen at trikken, den har ein vikeplikt for. Ja, sjølv om du skulle vere så uheldig at trikken ramla på taket på bilen din, så er det din feil. Så eg har stor respekt for trikk når eg køyrer bil. Og det å køyre bil er og ein form for ekstremsport. Sjølv om eg køyrer eksemplarisk, så veit ein ikkje kor mange av dei rundt som er idiotar bak eit ratt. Her er det om å gjere å ha den største å mest solide bilen om ein kolliderar. Og du må for all del halda seg unna bussar på vegane, dei er skumle dei. Sjølv om du skulle ha komet på sida på bussen og nesten har passert den, då har du plutselig bussen i sida på bilen. Så skal du drive ekstremsport, så kan du rett og slett drevet med forbikøyring av bussar. Også her er det ein stor fordel at du har det største køyretøyet viss du ikkje vil bli most som en flue under fluesmekkaren.

Kva med å ete mat? Å ete mat er ein ekstremsport. Så lenge du ikkje har dyrka og laga all maten sjølv, så veit du jo ikkje kva ein får i seg, og farlig mat det kan gi hjarteproblem, diabetes og kreft. Det er det jo ingen som vil ha, så når du dør av livsstilsjukdommar kan anorektikarane stå på side linja å seie: ”Kva var det vi sa? Mat er farleg.”

Ballsport det er farleg det, når du spring etter ein ball, med kunn ein ting for øye, og det er å score mål. Koste kva det koste vil, då driv du med ekstremsport. Kvifor blir menneske så ivrige og voldelege bare pga ein ball? Som på vegen er det og i ballspel den sterkaste og ikkje minst smartaste som rår. Det er ein kamp på liv og død.

Og tenk deg den ekstremsporten det er å gå på eit kjøpesenter på ein laurdag, ja tenk om det i tillegg er sal? Då er det stor sjanse for at du blir tråkka ned og døyr av at nokon slår deg ned i kampen om den rimelege buksa eller genseren. Du er rett og slett heldig om du kjem frå shoppingturen din med liv og helse i behald.

Dataspill kan og vere ein ekstremsport, for det er ikkje enkelt å sitje heile dagen framfor ein skjerm og spele. Ein har kanskje ikkje tid til å gå på do midt i spelet, og da ender det med at du gjer i buksa, akkurat slik maratonlauparar gjer i konkurransar. Spel er akkurat like farleg. Nokon påstår til og med at ungdommar blir voldelege av dataspel, og da skjer det jo fort at dei blir mordarar. Så spel kan dermed vere starten  på større kriminell verksamd.

Og ski, kan det bli meir ekstremt? Kva er det som gjer at utrente pensjonistar spennar seg fast på eit par plankar og kaster seg i halsbrekkande fart utfor ein bratt bakke? Det tørr ikkje eg å gjera, eg hald meg heime eg. Men er det ikkje så at dei fleste ulykker skjer i heimen? Er det då ekstremsport å bare vere heime? Altså, ein kan ski i dusjen å brekka lårhalsen, kaffitraktaren kan ta fyr, ja heile heimen din kan ta fyr om du er riktig uheldig. Så konklusjonen må vera den, at ein ikkje skal drive med slik ekstremsport. Då er det mykje betre å leggja seg under dyna, trekkje ut sikringa og for sikkerheitsskuld stenge vatnet. Fyrst då er du trygg og kan seie at du ikkje driver med ekstremsport. Nei da er det mykje betre med mindre farlege ting som basehopp og rallykøyring.

 

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Stikkordsky

%d bloggers like this: