I know what its like to want to die. How it hurts to smile. How you try to fit in, but you can't. How you hurt yourself on the outside, to try to kill the thing on the inside.

Nynorsk skrivedagen

Les teksten til DDE’s «E6» før du leser novella. Oppgaven, eller oppgåven som de sier på nynorsk var å skrive om sangen til ei novelle og å gjøre om slutten…

HAN KØYRER E6… – TINE LØHRE, 16. NOVEMBER 2011

Ein sein vinterkveld passera han svenskegrensa på Svinesund. Traileren hans blei lasta om i Hamburg tidlegare på kvelden, og no skal han heim til Bodø. Det hastar med å kome heim, kona hans ligg på sjukehuset og skal føde hans born. Han skal bli pappa. No kjenne han at han er trøytt, men han har ikkje tid tel å stoppe no. Og den siste kaffikoppen fekk han på ferja tel Øresund. Han har ikkje tid til fleire kaffikoppar på turen. Det hastar å kome til Bodø. Østfold passerar han på eit augneblink, han tek sjansen på at UP ikkje er ute å patruljerer denne kvelden. Han kan ikkje venta på å kome til Bodø.

Ein sjåførkollega gjer han eit varsel om radarkontroll like ved Mjøsa, så han slakke ned på farta, han veit jo om radaren no. Han velgjer å køyre E6 nordover, og når han passerar Drivdalen er det så mykje veiarbeidte at traileren nesten dett ut i elva. Det går nesten gale, men det går bra og han kan fortsetje turen mot Bodø. Når han nærmar seg Trøndelag blir vegen glattare, og han stopper på ei vegkro utanfor Stjørdal for å ta seg ein kopp kaffi. Her kjem han i snakk med ein emissær. Det er triveleg å prate litt, men har er ikkje heilt der ennå at han trur på dommedag og Jesus’ tilbakekomst. Emissæren lovar han at Jesus tek hand om han på ferda nordover.

Når han passerar lottobygda Verdal tenkjer han på at han ikkje har hatt mykje flaks i spill, men hell og lykkje i kjærleiken. Nå er det ikkje lenge att tel han kjem tel Bodø. Vegen er framleis såpeglatt og han tenkjer med gru på denne årstida med glatte veger. Det er ikkje enkelt å vere yrkessjåfør om vinteren.

Det er meldt storm og kuling over saltfjellet, men han har flaks. Stormen legg seg og dei slepp å køyre kolonnekøyring over fjellet. Han sender ein tanke til emissæren. Kanskje var det hjelp å få frå høgare maktar? Han har ikkje mykje tru på dette, men det legg seg bak i hovudet som ein liten ettertanke. På veg forbi Fauske ser han igjen bilen til emissæren. Han vink tel han, og sendar han nok ein tanke. No er han straks framme i Bodø, og vegen er blitt glattare. Han banner høgt over vinteren i Noreg.

Endeleg ser han avkøyrsla til Bodø. Men, idet han skal tel å svinge mistar han kontroll over køyretyet. Traileren vinglar over i motsatt køyrefelt og tilbake igjen. Han ser bergveggen koma i mot. Han rekk og tenkje på sitt nyfødde born og kona si. Så blir alt svart.
Han vaknar tel igjen. Rundt seg ser han blinkande blålys og han høyrer sirener. Kva skjedde eigentleg? Han merkar seg at nokon i raude kler legg ei krage rundt halsen hans. ”Du kolliderte med berget.” Seier kvinna i raude kler. Han skjønner at ho er frå sjukebilen. ”Ligg roleg, så skal me hjelpa deg.” Nokon stikk han i arma.”No skal du få litt smertestillande.” ”Me skal køyre deg til sjukehuset no.” Han blir lagt over på ei båre og trilla inn i sjukebilen. Han høyrer dei setter på sirena og bilen skyt fart. Han får meir smertestillande og sovnar. Det neste han hugsar er nokre menneske i grøne kler. ”Du har ein skade i buken, me må operera deg.” ”No skal du få nokre medisinar som du sovnar av.” Menneska rundt han haster rundt, og ei av den grønkledde kvinnene ber han lukke augo og puste dypt. Ho legg ei maske om munnen hans, oksygen seier ho.
Han har vondt. Ved sida av senga han står ei kvinne. Denne kvinna er kledd i blått. ”No er du på recovery, me skal snart køyra deg opp på avdelinga.” ”Har du vondt?” Ja, han har vondt. Så byrjar han å hugse. Kollisjonen. Han overlevde. For andre gong dette døgnet sendar han ein tanke til emissæren. Han hadde englevakt. Eller kanskje var det Gud som ikkje ville at han skulle døy riktig ennå?

Når han kjem opp på avdelinga sitt kona og ventar på han. Og han ser den litle skapningen i fanget hennar. Hans son. Den nydelegste litle guten han nokon sinne har sett. Den vesle familien hans er samla på eit rom på sjukehuset. Ingenting i verda kan øydeleggje den intense lykkjefølelsen han har no.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Stikkordsky

%d bloggers like this: