I know what its like to want to die. How it hurts to smile. How you try to fit in, but you can't. How you hurt yourself on the outside, to try to kill the thing on the inside.

Eteforstyrringar

ETEFORSTYRRINGAR
AV TINE LØHRE

Folkehelseinstituttets heimeside kan informera om at rundt 50 000 kvinner har ei eteforstyrning i Noreg. Ein kan spørje seg kvifor kvinner utviklar ei eteforstyring og eit så problematisk forhold til noko så enkelt som mat. Men for ein med eteforstyrring er mat langt ifrå enkelt. Kvart eit minutt av dagen går med til å tenkje på mat. Korleis ein skal eta den og kva ein skal eta. Skal man ete mykje eller lite. Dette er spørsmål ein tenkjar på frå ein vaknar til ein leggjar seg.
Det finnast tre hovudtypar eteforstyrringar. Anoreksi, bulimi og tvangseting. Sjølv om anoreksi er den mest synlege eteforstyrringen er det tvangseting som er mest vanlege.

Anorektikaren har ein stor redsle for å leggje på seg, og etter kvart som sjukdommen utviklar seg blir ho alvorleg undervektig. Anorektikaren har ein følelse av at ho er tjukk sjølv om ho ikkje i realiteten er det.
Bulimikaren eter ofte mykje mat, og kompenserer med og provosera fram brekningar og bruk av avførande medisinar. Ho er ofte like opptatt av vekta som anorektikaren, men dei fleste bulimikarar er normalvektige.
Tvangsetaren etar og mykje mat, men dei brekkar seg ikkje etter at deg har åte.

Felles for desse typane er at det kan utvikle tvangshandlingar i forbindelse med eting, og nokre har spesielle ritual dei må følgje for å ete.

Mange med eteforstyrringar utviklar det i samanheng med endringar i livet. Det kan vere puberteten som er problematisk eller andre livskrisar, til dømes overgrep, mobbing, skilsmisse, dødsfall eller andre liknande ting som for den rama opplevast som ei krise.

Eg har sjølv personleg erfaring med eteforstyrringar. Og då i hovudsak anoreksi og bulimi. Eg trur eg har utvikla eteforstyrringar både fordi eg blei mobba på barneskulen, og fordi det var ustabile forhold i heimen. Desse to tinga førte til eit stadig dårlegare sjølvbilete og lite tru på eigne prestasjonar. Og då blei det til at eg tenkja, ”kva om eg var litt tynnare? Kan hende dei likar meg betre då?” Den litle slankekuren blei alt eg tenkja på. Eg byrja å kaste opp mat, og prøvde og halde kaloriinntaket tel eit minimum. Og jo meir eg gjekk ned i vekt, jo meir tenkja eg på vekt og kaloriar. Nå, nokre år seinare slit eg framleis med mat og kaloriar. Og eg tenkjar på korleis ting kunne vore om eg ikkje hadde problem med mat.

Og korleis kan vener og familie hjelpa ein med eteforstyrring? Sjølv hjelp det meg mest at omgangskrinsen ikkje fokuserte så mykje på kva eg åt, fordi det berre gjorde forholdet til mat ekstra vanskeleg.
Men, vener kan gjerne fortelja ho med eteforstyrring at dei er bekymra for henne. Ta det opp på ein måte som ikkje dømmer jenta, men på ein omsorgsfull måte. Og er ikkje jenta i behandling, prøv å få ho tel å kontakte ein vaksen tillitsperson til dømes helsesøster, fastlækjaren eller rådgjevar på skulen.

Ein eteforstyrring går ikkje over med nokre timar i behandling. Det komer til å ta lang tid å bli betre, det er derfor viktig at vener og familie viser tolsemd. Det er også mykje ambivalens i behandling, så ein må ikkje gje ho opp om ein tar et par steg tilbake i behandling. Som ven er din hovudoppgåve nettopp det og vere ein ven.

Og eg vil avslutte med og seie som i IKS’s definisjon: (Interessegruppa for kvinner med spiseforstyrrelser) det handlar om meir en mat.

Referansar:
http://www.fhi.no
http://www.iks.no

Advertisements

Comments on: "Eteforstyrringar" (4)

  1. veldig bra 🙂
    noe gramatiske feil, men veldig, veldig bra 🙂

  2. Kjempebra skrevet, Tine!

  3. Informativt og bra skrevet, tøft gjort at du trekker inn din egen erfaring 🙂

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Stikkordsky

%d bloggers like this: